top of page

Kasting av brukbar mat

Vi starter året med et gjesteblogginnlegg av Hedda Langø. Hun er 16 år og går på Sunnland skole i Trondheim. Hedda er en del av fremtiden og vi digger selvsagt at hun er opptatt av reduksjon av matsvinn.

Kasting av brukbar mat

Meieriprodukt kastast ofte fordi dei går ut på dato. Brød kastast fordi det blir tørt, og frukt og grønt fordi dei blir oppbevart feil og blir øydelagt. Her i Noreg blir kvar 8 bærepose frå butikken kasta. I Noreg kastar vi meir enn 300 000 tonn brukbar mat i året. Dette er ikkje bra, og vi må gjere noko med det. Men korleis skal vi få gjort noko med det?

For å bli flinkare på å ikkje kaste så mykje mat så kan ein til dømes følge disse forslaga som eg synes er viktige:

● Skrive handleliste slik at du ikkje handlar meir enn du treng. Når ein ikkje har handleliste, er det mykje lettare å handle ting ein eigentleg ikkje treng.

● Innføre restedag; torsdag er ein fin dag å ha restedag på. Då kan du bruke alt det du har i kjøleskåpet, bruke opp den halvtomme rømmeboksen, den halve kyllingen og den halve paprikaen. Då blir kjøleskåpet fort tomt, og du kan handle inn til helga med godt samvit.

● Lag riktig mengd; du kan lage riktig mengd så du ikkje lagar meir mat enn du får til å spise opp eller så kan du bevisst lage meir mat enn du treng, så du er medviten om at du lagar restar til dagen etter. For når det er igjen mykje mat, er det mykje enklare å ta vare på maten enn om det er igjen lite mat, for då er det mykje lettere at det hamnar i søpla.

● Bruk sansane dine; lukt, sjå og smak for å sjekke om produktet kan etast eller drikkast. Sjølv om at utlaupsdatoen er passert, er det stor sannsynligheit for at maten framleis er brukbar, og då er det viktig å bruke sansane for å sjekke om maten enno er brukbar.

● Rydd i kjøleskåpet; sjekk kva du har, så du slepp å kjøpe inn noko du allereie har. Det er så dumt å kjøpe inn masse mat du allereie har.

● Lag mat frå botnen; når du lagar mat frå botnen, er det mykje betre mat enn kjøpt mat. Derfor har du sikkert meir lyst til å ta vare på maten i staden for å kaste den gode heimelaga maten.

Eit forslag til middagsrestar er til dømes:

No som det har vore nyttårskveld og jul, er det som regel mykje restar igjen. Då kan ein til dømes ta restane frå kalkunen frå nyttårskvelden og skjære dei i bitar og putte det i ein salat med grønsaksrestane og andre ting du har liggjande i kjøleskåpet. Dette går kjempefort og er så lett. Dette er noko eg synes er kjempesmart og vil anbefale vidare.

Viss du har hatt kalkun på nyttårskvelden, er det sikkert mykje kjøtt igjen, og dette passar også perfekt i ein enkel, men smakfull frikasse. Dette er noko eg synes er kjempesmart og ei veldig god løysning.

Frikasse er ein måte å lage mat der kjøtt eller grønnsaker delast opp i mellomstore bitar og kokast i buljong eller saus (då kan ein til dømes ta saus som var igjen etter ein middag tidligare i veka) som jamnas ut med smør og fløyte eller eggeplomme.

Noko anna som er eit problem er at butikkane kastar mat som har gått ut på dato fordi dei ikkje har lov til å selje mat som har utgått dato. Men sjølv om maten har gått ut på dato, vil det ikkje seie at maten ikkje er brukbar. For det meste av mat er brukbar lenge etter utlaupsdatoen fordi det er ein regel om at produsentane er pålagt å setje på ein utlaupsdato. Så derfor meiner eg at butikkane burde ha ei avdeling i butikken der dei har mat som har gått ut på dato til ein litt lågare pris - så det blir spist og ikkje kasta. Det er mykje meir miljøvennlig, og vi minskar matsvinn.

Blogginnlegget er skrevet av Hedda. La oss håpe alle på hennes alder blir like opptatt av å redusere matsvinn som hun er.

MATREDDER TIPS

#1 

Bruk sansene og ikke heng deg opp i datomerkingen. Lukt, smak og bruk!

 

#2

Ha en fast restedag i uken. Vi har restetorsdag. 

 

#3

Lag deilig lunch av middagsrestene. Plutselig dukker de andre på skolen, studiene eller arbeidsplassen opp med rester i matboksen også. Da har du påvirket positivt!

bottom of page